Passbussen på veg mot Møre og Romsdal

Passbussen på veg mot Møre og Romsdal

Snart kan mange med  lang reiseveg til pass- og ID-kontor, få eit betre tilbod. Eit mobilt passkontor vil besøke utvalde stadar i Møre og Romsdal.

Først ut er Fiskåbygd 9 september, deretter går det slag-i-slag med Valldal, Åndalsnes og Smøla. Same ruta vert køyrt seinare på hausten, i vinter og til våren.

Det er to mobile kontor som skal dekke mesteparten av landet.

 – Det er ei heilt ny teneste som vi må hauste erfaringar med og vi legg til fleire stoppestadar etter kvart, seier Arne Aslak Tveitan som er seksjonssjef i Politidirektoratet.

Innbyggarane kan bestille time på politiet.no som på eit vanleg pass- og ID-kontor. På same nettstaden finn du også oversikt over køyrerutene.

Fakta om mobile pass– og ID kontor

  • Innbyggarane kan bestille time på politiet.no. 
  • Når du legg inn stad eller postnummer i timebestillinga, får du opp næraste kontor. Dersom eit mobilt pass– og ID-kontor har stoppestad i nærleiken, kjem det opp som eit alternativ.
  • Det ligg også ei oversikt over køyrerutene på politiet.no som vert oppdaterte fortløpande.
  • Søknadsprosessen er den same som på eit vanlig pass- og ID-kontor. Du må ha med passet ditt når du skal søke, sjølv om det er utgått. Dersom du ikkje har pass frå før, må du dokumentere identiteten din på annan måte.

Når kommer de til Rauma?

Utenfor Rauma rådhus, Vollan 8A, 6300 Åndalsnes

  • 14. september 2021
  • 2. november 2021
  • 18. januar 2022
  • 8. mars 2022