Meld deg på felles visning av Pårørandekonferansen

Friskliv og Mestring inviterer til felles visning av Pårørandekonferansen 2024.

Vi er alle pårørande, eller vi blir det heilt plutseleg. 

Kva når partnaren din begynner å gløyme? Når barnet ditt får ein funksjonsnedsettelse? Når du ikkje klarar å stå i jobb lengre fordi det er for krevjande å følgje opp dine gamle foreldre? Eller når du finn ut at sonen din ikkje har vore på skulen på fleire veke? Da er du pårørande. 

Denne konferansen er unik fordi den både er for pårørande og for fagpersonane som møter dei. Konferansen belyser pårørandeperspektiv frå fagfeltet, forskarar og pårørande sjølv.

  • Dagsvisning: Tysdag 24. september, klokka 09:00 til 14:00
  • Kveldsvisning: Tysdag 24. september klokka 16:00 til 21:00 
  • Sted: Rauma kulturhus, Trollstolen. 
  • Pris: 100,- kroner (inkludert enkel bevertning)

På konferansen deltar blant andre:

  • Standupkomikar Else Kåss Furuseth.
  • Relasjonsterapeut, komikar og pårørande Dora Thorhallsdottir.
  • Lege og tidlegare barneombod Trond-Viggo Torgersen.
  • Psykolog Peder Kjøs.
  • Forskar Kristiane Myckland Hansson.
  • Professor i kvalitet og sikkerheit i helsesystem, Siri Wiig.
  • Spesialist i klinisk barne- og ungdomspsykologi Torun Vatne.

Påmelding: Du melder deg på ved å kjøpe billett til arrangementet. Følg lenka for billett: Pårørendekonferansen 2024 - Når hverdagen snur (raumakulturhus.no)

Velkomen!