Bur det ein lærar i deg?

Rauma kommune saman med Høgskulen i Volda inviterer til informasjonsmøte om lærarutdanningane som Høgskulen i Volda tilbyr. 

Vi treng fleire kvalifiserte lærarar i barnehagane og skulane i regionen vår. 

Rauma kommune saman med Høgskulen i Volda inviterer til informasjonsmøte om lærarutdanningane som Høgskulen i Volda tilbyr.

Servering: Pizza og brus 

Kvar: Rådhussalen i Rauma rådhus, Vollan 8A, 6300 Åndalsnes 

Når: Onsdag 26. februar 2025. Klokka 18.00-20.00 

Dersom du: 

  • Er nysgjerrig på ei av lærarutdanningane: barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning eller praktisk pedagogisk utdanning? 
  • Arbeidar i barnehage, skule eller SFO men manglar utdanning? Har erfaring med og likar å leie barn og/eller ungdom i fritidsaktivitetar? 
  • Er interessert i å høyre kva din kommune kan gjere for at du skal få tatt lærarutdanning? 

Sjansen er stor for at du kan få svar her. Alle er velkomne! 

Følg denne lenken for å melde deg på: Bur det ein lærar i deg? Informasjonsmøte i Rauma - Nettskjema

Eller scann QR-koden for å finne påmeldingsskjema:

Les meir om den nye lærarsatsinga på Høgskulen i Volda sine nettsider: LærariNordvest: Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda