Ny rektor

Rauma kommune har tilsett ny rektor ved Måndalen skule. Ho er i dag lærar ved Åndalsnes barneskole og vi håper at ho kan ta til i stillinga rett etter påske.

Åse Helen seier dette om dei nye oppgåvene ho nå har takka ja til:

Mitt navn er Åse Helen Alnes, og eg ser verkeleg fram til å starte som rektor ved Måndalen skule. Eg er busett på Åndalsnes med mann og tre barn.
Sidan 2009 har eg arbeidd som lærar, dei siste ti åra ved Åndalsnes barneskule.

I rolla som rektor er det viktig for meg å skape ein trygg og god skulekvardag der elevane kan trivast og utvikle seg. Eg ønskjer å bidra til eit inkluderande læringsmiljø med god plass til både fagleg og sosial utvikling.

Det blir kjekt å bli kjend med elevane, føresette og kollegaene ved skulen, og å utvikle skulen vidare saman.

Ny rektor ved Måndalen skole - Klikk for stort bildeNy rektor ved Måndalen skule - Åse Helen