Ny praksis for tildeling av tryggleiksalarmarRauma kommune har gått igjennom egen praksis for tildeling av tryggleiksalarmar. BakgrunnDet er presiseringar frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, sendt til alle kommunane i fylket, som er bakgrunnen for at Rauma kommune går gjennom praksisen vår for betaling for tryggleiksalarmar. Statsforvaltaren presiserer mellom anna at dersom det blir vurdert at tryggleiksalarm er ei nødvendig helse- og omsorgsteneste, kan ikkje kommunen krevje betaling. Rauma kommune har til no teke betaling for alle tryggleiksalarmar.Fordi regelverket på dette området er komplisert og lett å mistolke, og fordi vi er opptekne av å ha rett praksis, har vi brukt nødvendig tid på å gå gjennom egen praksis. Under dette arbeidet stansa vi faktureringa av tryggleiksalarmar midlertidig.Kort om kva ein tryggleiksalarm erEin tryggleiksalarm består av eit alarmapparat og ein digital alarmknapp som ein ber i kjede rundt halsen eller på handleddet. Alarmapparatet blir plassert sentralt i bustaden og fungerer innandørs. Når ein trykkjer på knappen, blir alarmen utløyst. Varsel går til heimetenesta. Tenesta blir tildelt etter søknad.Gjennomgang av praksisenGjennomgangen av praksisen vår for tildeling av tryggleiksalarmar viser så langt:Rauma kommune har hatt ein raus praksis for tildeling av tryggleiksalarmar. Det betyr at vi, samanlikna med andre kommunar, har eit høgt tal av brukarar med tryggleiksalarmar i kommunen vår. Det betyr òg at for om lag to tredelar av dei som er tildelte tryggleiksalarm hos oss, er dette i praksis ei sørviseteneste.Gjennomgangen avdekte behov for nye tildelingskriterium for tryggleiksalarm. Rauma, dei øvrige ROR-kommunane, samt Kristiansund og Ålesund kommunar, har no utarbeidd nye kriterium som er i tråd med regelverket. Dei blir no tekne i bruk. I dei nye tildelingskriteria er det lagt til grunn at tryggleiksalarm ikkje er ei lovpålagd teneste i seg sjølv. Kommunen har likevel plikt til å sørgje for nødvendige og forsvarlege helse- og omsorgstenester. Dersom tryggleiksalarm etter ei individuell vurdering blir nytta som eit tiltak for å dekkje eit slikt nødvendig hjelpebehov, inngår alarmen i det samla helse- og omsorgstilbodet.Vidare vurderingarVi skal no følgje dei nye tildelingskriteria ved behandling av nye søknader. Det inneber at færre vil få innvilga tryggleiksalarm. Rauma kommune ønskjer òg å gå gjennom vedtaka til dei som har tryggleiksalarm i dag. Dette er eit omfattande arbeid som må gjennomførast over tid. Det er grunn til å tru at vi for ein del av brukarane vil vurdere at dei ikkje lenger skal ha tryggleiksalarm.TilbakebetalingI samband med gjennomgangen av allereie gjeldande vedtak vil det òg bli gjort ei vurdering av om brukaren har rett til tilbakebetaling av eigenandel. Dette gjeld vedtak frå dei siste tre åra. Publisert 24.09.2026 13.26