Forlengar nattestenginga ved Hamresvingen til 2. november

PPerioden med nattestenging ved Hamreura/Hamresvingen på fylkesveg 64 mellom Isfjorden og Åfarnes blir forlenga til måndag 2. november klokka 05.30.

Bergsikringsarbeidet skulle etter planen vere ferdig 19. oktober. Undervegs har det vist seg at berget krev meir reinsk og sikring enn først vurdert.

- Bergkvaliteten er dårlegare enn vi hadde rekna med. Vi må reinske meir, og boringa tar lengre tid. Det gjer at vi treng meir tid til å gjennomføre sikringa, seier byggeleiar Kristian Bjørdal i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Opningstider for gjennomkøyring

Vegen er  stengd frå klokka 18.00 til 05.30 neste morgon måndag–fredag og søndag. Trafikksleppa er tilpassa bussrute 420 og korresponderande ferje på sambandet Sølsnes–Åfarnes.

Trafikkslepp måndag–fredag:

  • kl. 18.45–18.50
  • kl. 20.20–20.30
  • kl. 21.20–21.25
  • kl. 22.20–22.25
  • kl. 22.40–22.45

Vegen er open for fri ferdsel frå laurdag klokka 05.30 til søndag klokka 18.00.

Trafikkslepp søndag:

  • kl. 18.45–18.50
  • kl. 20.20–20.25
  • kl. 21.20–21.25
  • kl. 22.40–22.45

Omkøyringa går via E39, E136 og ferjesambandet Molde–Vestnes.

Hamresvingen Møre og Romsdal fylkeskommune