Endring i organisering av TT-ordninga frå 01. juli 2026Fylkestinget har gjort vedtak om at brukargodkjenning og klagebehandling for TT-ordninga blir overført frå kommunane til Møre og Romsdal fylkeskommune. Endringa er ein del av arbeidet med å sikre ei meir samla og lik praktisering av ordninga i fylket.Vidare har fylkestinget vedteke reviderte retningsliner for ordninga. Desse gjeld frå 01. juli 2026. Dette inneber at kommunane ikkje lenger vil ha ansvar for:Behandling av søknader om TT-godkjenningKlagebehandling knytt til TT-ordningaMøre og Romsdal fylkeskommune har oppdatert deres nettsider med informasjon om endringar i ordninga. Dersom de har spørsmål til endringane, kan de ta kontakt med Møre og Romsdal fylkeskommune ved FRAM.Det har blitt sendt ut brev til brukarane saman med nytt TT-kort.Les meir her: TT-kort (tilrettelagt transport) - Møre og Romsdal fylkeskommune Sist endret 01.06.2026 12.44