Måndalen skuleMåndalen barne- og ungdomsskule ligg på Voll i Måndalen, på sørsida av Rauma kommune.Undervisningsmålform: Nynorsk Skulen sine satsingsområdeMåndalen barne- og ungdomsskule legg vekt på å ha eit trygt og inkluderande skulemiljø. Vurdering for læring er eit nasjonalt satsingsområde. Vurdering som blir brukt til å forbetre undervisninga og eleven sin motivasjon og læring. Vi er også opptekne av relasjonsarbeid og styrking av lese- og skriveopplæring. I tillegg er kvalitetssikring og kontinuerleg vidareutvikling knytt til fagfornyinga, berekraftig utvikling, digital kompetanse og opplæring. Samtidig er tverrfagleg fokus og praktisk tilnærming til opplæringstilbodet viktige satsingsområder for oss i Måndalen.UteområdaSkulen har eit stort uteområde med eit variert utval av leikeapparat. Skulen og FAU har gjennom samarbeid ei satsing på å styrke uteområdet.Ny skuleMåndalen er ein helt ny skule. Uteområda er ikkje ferdig, men skulen vil få eit stort og variert tilbod der elevane kan boltre seg. Sist endret 05.06.2026 18.59