Måndalen skule

Måndalen barne- og ungdomsskule ligg på Voll i Måndalen, på sørsida av Rauma kommune.

Undervisningsmålform: Nynorsk

Nordlys over Måndalen skole - Klikk for stort bilde
Sittegruppe innendørs - Klikk for stort bilde
Trappeoppgang - Klikk for stort bilde
Musikkinstrumenter - Klikk for stort bilde
Fellesområde innendørs - Klikk for stort bilde

Skulen sine satsingsområde

Måndalen barne- og ungdomsskule legg vekt på å ha eit trygt og inkluderande skulemiljø. Vurdering for læring er eit nasjonalt satsingsområde. Vurdering som blir brukt til å forbetre undervisninga og eleven sin motivasjon og læring. Vi er også opptekne av relasjonsarbeid og styrking av lese- og skriveopplæring. I tillegg er kvalitetssikring og kontinuerleg vidareutvikling knytt til fagfornyinga, berekraftig utvikling, digital kompetanse og opplæring. Samtidig er tverrfagleg fokus og praktisk tilnærming til opplæringstilbodet viktige satsingsområder for oss i Måndalen.

Uteområda

Skulen har eit stort uteområde med eit variert utval av leikeapparat. Skulen og FAU har gjennom samarbeid ei satsing på å styrke uteområdet.

Ny skule

Måndalen er ein helt ny skule. Uteområda er ikkje ferdig, men skulen vil få eit stort og variert tilbod der elevane kan boltre seg. 

Kontakt

Måndalen skole
E-post
Telefon 41 84 34 81

Adresse

Besøksadresse

Voll

6386 Måndalen

Postadresse

Vollan 8A

6300 Åndalsnes

Kart