Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Langs Raumavassdraget i kulturminneåret

Rauma kommune ved kultur- og miljøstyret, 1997
120 sider. Illustrert.
ISBN 97882-993488-1-2
Kr. 202,-

"Yes, yes he is gone". Det var lord W. Bromley-Davenports hjartesukk då han mista sin "seventy-pounder" etter tre timars hardt arbeid. Det same kan seiast om mange ting som har eksistert langs Raumavassdraget; sager, kvenner, teiner, vass-stokkar og bruer. "Yes, yes they are gone". Men mange kulturminne finst framleis. Andre er bevart i form av bilete. Denne boka byggjer i hovedsak på Andreas Normann si enorme biletsamling, men her er det også lånt bilete av mange andre.

1. april 1993 gjorde Stortinget vedtak om varig vern av Rauma. Ein 20-årig kamp var over. Rauma skulle vere referanse-vassdrag for dei store elvene som renn mot vest.

Langs Raumavassdraget i kulturminneåret var i utgangspunktet tenkt som eit hefte om kulturminna langs Raumavassdraget, men på grunn av store mengder materiale, vart det i staden laga ei bok med utgangspunkt i Normann-samlinga. Dei nynorske tekstene er skrivne av Bjørn Jøran Pedersen. Alle "Normanntekstene" og tekster av andre har fått behalde språket sitt uendra. Boka inneheld mange bilete.