Norsk Bibliotektransport konkurs

Rauma folkebibliotek fekk 14. april melding om at Norsk Bibliotektransport (NBT) er slått konkurs. Kommunar, fylkeskommunar og høgskular i Møre og Romsdal og i resten av landet har gjennom fleire år hatt avtale med NBT om transport av bøker mellom biblioteka. Dette har vore ei ordning som har utvida litteraturtilbodet i det enkelte biblioteket; dersom ein kommune ikkje sjølv hadde boka, kunne ho lånast inn frå eit anna bibliotek – fjernlån – og bli sendt via Norsk Bibliotektransport til bestillingsbiblioteket – ditt bibliotek.

Kva vil konkursen bety for deg som bibliotekbrukar?

I ei tid framover vil det no ikkje vere mogleg for deg å bestille bøker direkte frå andre bibliotek enn det lokale biblioteket ditt. 

Dersom du har lånt bøker i ein annan kommune og ønskjer å levere dei hos oss er det mogleg, men boka vil ikkje bli sendt tilbake til eiarbiblioteket før ny løysing er på plass.

Kommunar, fylkeskommunar, universitet og høgskular vil i tida framover samarbeide om å få på plass ei god ordning og praksis for transport av bøker mellom biblioteka i landet, men vi veit ikkje når dette vil vere på plass.

Vi vil informere om eventuelle endringar etter kvart som vi får betre oversikt.

Er du student og treng pensumbøker? Sjekk ut om din pensumlitteratur er tilgjengeleg på allvit.no.

Kontakt oss på biblioteket@rauma.folkebibl.no for spørsmål.

Oppdatert informasjon 22.04: Det har no kome på plass ei ordning for bøker innkjøpt frå Kulturfond og Biblioteksentralen. Men enno ikkje ei ordning for fjernlån.