Vårryddingsaksjon 2017: Hald Rauma reint!

Rauma kommune vil også i år gjennomføre ei skikkeleg ryddesjau i nærmiljøa våre. Alle våre skular skal være med å rydde langs veger, offentlege plassar, strender og andre friområde. På same tid oppmodar vi både privatpersonar og lag/foreiningar til å bidra – bli med å halde det fint og reint i Rauma!

rydding.png - Klikk for stort bilde

Aksjon gjennomførast over heile kommunen i perioden 25. april – 25. mai.

Lag/foreiningar og privatpersonar kan hente blanke plastsekkar i servicetorget på rådhuset eller kontakte renovasjonsbilen (924 93 482) for levering. Sekkane settast ut saman med ordinære søppelsekkar den dagen det er henting hos deg. Sekkane til aksjon er gratis.


Fokuset i aksjonen er å fjerne alt skrot og søppel i strandlinja, langs veger og på offentlige plassar. Aksjonen er ikkje meint for at folk og firma skal kunne kvitte seg med ting dei vil bli kvitt i kjellarar, loft eller driftsbygningar. Her skal det ryddast ute!


Vi håpar også at alle bedrifter i Rauma vil ta ein runde rundt si eiga verksemd. Vi ber folk om å være varsame for farlige gjenstandar.

 

Har du spørsmål?

Ikkje nøl med å ta kontakt med oss!

Tel: 711 66 600, e-post: postmottak@rauma.kommune.no

 

Mvh Anne Lise Larsen

Kommunegartnar

 

Sist endret 04.04.2017 09:52
Fant du det du lette etter?
 
Login for redigering