Utsatt frist for spreiing av husdyrgjødsel 2018 - Rauma kommune

Gjødselspreiing.JPG - Klikk for stort bilde

I medhald av § 23 og § 31 i Forskrift om gjødselvarer m.v. av organisk opphav gir Rauma kommune bønder som har behov for det utsett frist for spreiing av husdyrgjødsel utan nedmolding frå 1. til 20. september 2018.

Publisert av Edith Erlandsen. Sist endret 06.09.2018

§ 23 blei endra i 2005 slik at kommunen på visse vilkår ved forskrift eller enkeltvedtak kan tillate ein seinare frist for spreiing utan nedmolding enn 1. september, men ikkje seinare enn 1. oktober. Rauma kommune har førebels ikkje utarbeidd slik forskrift.  Etter § 31 kan kommunen dispensere frå forskrifta del III som m.a. omhandlar § 23. Dei siste åra har kommunen grunna ver og vekstforhold gitt forlenga frist til dei som treng det til 15. eller 20. september.  Dei fleste kommunane som har vedtatt kommunal forskrift har sett fristen til 20 september eller 1. oktober. 

Vekstsesongen 2018 har vore prega av svært lite nedbør og tørke og avlingssvikt. Vi har hatt litt nedbør no sist i sesongen. Det er difor stor trong for å utnytte vekstsesongen lengst muleg utover hausten. Graset er framleis i vekst, og spreiing i første halvdel av september vil vanlegvis gi lite forureining. Vi bør også i år innvilge dispensasjon til dei som ikkje får spreidd husdyrgjødsla innan 1. september.

Vedtak i delegert sak 197/2018:

I medhald av § 23 og § 31 i Forskrift om gjødselvarer m.v. av organisk opphav gir Rauma kommune bønder som har behov for det utsett frist for spreiing av husdyrgjødsel utan nedmolding frå 1. til 20. september 2018.

Fant du det du lette etter?
 
Login for redigering