Utsatt frist for spreiing av husdyrgjødsel 2017 - Rauma kommune

Gjødselspreiing.JPG - Klikk for stort bilde

I medhald av § 23 og § 31 i Forskrift om gjødselvarer m.v. av organisk opphav gir Rauma kommune bønder som har behov for det utsett frist for spreiing av husdyrgjødsel utan nedmolding frå 1. til 20. september.

 

 

Publisert av Edith Erlandsen. Sist endret 30.08.2017

§ 23 blei endra i 2005 slik at kommunen på visse vilkår ved forskrift eller enkeltvedtak kan tillate ein seinare frist for spreiing utan nedmolding enn 1. september, men ikkje seinare enn 1. oktober. Rauma kommune har førebels ikkje utarbeidd slik forskrift.  Etter § 31 kan kommunen dispensere frå forskrifta del III som m.a. omhandlar § 23. Dei siste åra har kommunen grunna ver og vekstforhold gitt forlenga frist til dei som treng det til 15. eller 20. september.  Dei fleste kommunane som har vedtatt kommunal forskrift har sett fristen til 20 september eller 1. oktober. 

Vekstsesongen 2017 har vore våt og kald og det har seinka veksten og hausteforholda har vore vanskelege. Graset er framleis i god vekst, og spreiing i første halvdel av september vil vanlegvis gi lite forureining. Spreiing av husdyrgjødsel på eng og anna grøde utan nedmolding/nedfelling skal gjerast så tidleg i vekstsesongen at det er mulegheit for betydeleg gjenvekst som vert hausta eller beita, og skal gjerast seinast innan 1. september, dersom ikkje anna er bestemt av kommunen jfr. Forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav, § 23 tredje ledd.  

Fant du det du lette etter?
 
Login for redigering