Rauma har lågast arbeidsløyse i Romsdal

Det siste året og spesielt den siste månaden har utviklinga i talet arbeidslause i Rauma hatt ei veldig god utvikling. Berre den siste månaden har det vorte 24 færre arbeidslause i kommunen og Rauma har no den lågaste prosentandelen arbeidsløyse i heile Romsdal, med 2 % av arbeidsstokken. 

Illustrasjonsbilete - Klikk for stort bildeIllustrasjonsbilete

Publisert av Arnt Olav Hønsvik Herjehagen. Sist endret 08.09.2017

- Arbeidsmarknaden er i bevegelse igjen i positiv retning. Vi har i den seinare tida hatt auka etterspurnad frå næringslivet. Det er ingen bransje som peikar seg spesielt ut. Vi veit også at det er ein del som har starta vidareutdaning for å auke mogleheita si i arbeidsmarknaden, seier leiar av NAV Rauma, Tove Iren Touihri.

Arbeidsløysa i Rauma har ikkje vore så låg sia juni 2015, då den var 1,9 %.

Kommune

Menn

Kvinner

Sum

I prosent av arbeidsstokken

Endring siste mnd

Endring siste år

Molde

218

123

341

2,4 %

-6

-111

Ålesund

376

269

645

2,5 %

-39

-183

Kristiansund

342

171

513

4,2 %

16

-185

Vestnes

62

43

105

3,0 %

17

-21

Rauma

52

26

78

2,0 %

-24

-55

Nesset

34

13

47

3,1 %

0

-4

Midsund

19

10

29

2,8 %

-12

-6

Aukra

57

22

79

4,4 %

6

15

Fræna

110

67

177

3,4 %

5

9

Eide

29

21

50

2,7 %

3

-17

 

Møre og Romsdal

I august  2017 er det 3 895 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det utgjer 2,8 prosent av arbeidsstokken og er ein nedgang i arbeidsløysa på 14,8 prosent frå same månad i fjor.

 

Landet                                                                                                                                  

I landet er det 73 918 heilt arbeidslause. Dette er 2,7 prosent av arbeidsstokken, og er ein nedgang på 12,7 prosent samanlikna med same periode i fjor.

 

Fant du det du lette etter?
 
Login for redigering