Overskot på 6 millionar kroner i 2017, men meirforbruk på tenesteområda

 2 kroner - Klikk for stort bilde

Rekneskapen for 2017 viser eit overskot på 6,1 millionar kroner etter avsetningar. Dette er noko lavare enn målet på sikt, men kommunen er meldt ut av ROBEK. Også målet om maksimum 4 % netto finansutgifter i 2017 vart nådd, med 3,1% av brutto driftsinntekter, tilsvarande 20 millioner kroner.

 

Publisert av Trygve Børsting. Sist endret 09.04.2018

Eit meirforbruk på tenesteområda på 6,8 millioner kroner over budsjett, er ei klar forverring i frå 2016. Avgrensing og avkorting av ordninga med tilskudd til ressurskrevande brukarar er ei viktig årsak, i tillegg til omstilling i tenestane.

Sum driftsutgifter vart 617 millionar kroner i 2017, medan sum finansutgifter var på 33 millionar kroner. Netto driftsresultat vart 2,4% av driftsinntektene på 631 millionar, der målet for 2017 var 1,5%, og for økonomiplanperioden 1,75%. Vi klarte målet, men ligg under gjennomsnittet for norske kommunar. For landet utanom Oslo, ligg netto driftsresultat an til å bli rundt 3,5 prosent, medan det for kommunane i Møre og Romdal ser ut til å bli omtrent 3,1 prosent.

Ved inngangen til 2017 sto 3 millionar kroner på disposisjonsfondet, og per 31.12.2017 står no 6 millioner kroner på disposisjonsfondet. Dette utgjer 0,96% av sum driftsinntekter.

Mange andre kommunar fekk høg skatteinngang mot slutten av året, og dette ga oss 6,4 millioner meir  i utjamning av skatt mellom kommunar. Utjamninga skjer i etterkant og endelig utjamning vart først kjent i februar 2018. I tillegg til høgare inntekter frå skatt har også noko lågare pensjons- og finanskostnader bidratt til eit positivt resultat.

Gjelda har hatt ein kraftig vekst dei seinare åra, men ved å avgrense avdraga til minimumsavdrag har vi så langt dempa effekten på driftskostnadene. Netto lånegjeld i prosent av brutto driftsinntekter har auka frå 87 % i 2016 til 115% i 2017. I 2016 var snittet i landet 50%. Det historisk låge rentenivået, og auka bruk av sertifikatlån har bidratt positivt til den økonomiske balansen i 2017 ved å halde finanskostnadene relativt låge. Men med 70% av låna i flytande rente, så er vi eksponert for ein risiko knytt til utviklinga i rentemarknaden. Netto gjeld bør ikkje auke meir med tanke på den varsla renteoppgangen. I Kommunal rapport sitt kommunebarometer er vi no på plass nr 393 innan økonomi, opp 10 plasser frå i fjor.

Det er alltid interessant å samanlikne Rauma med situasjonen i andre kommunar. Dei førebelse KOSTRA-tala viser at Rauma sine basistenester hadde eit mindreforbruk på 11 millionar kroner samanlikna med det berekna behovet etter Telemarkforsking sine analyser. I mange år har mindreforbruket vore størst innafor pleie- og omsorg, og det har vore ei av årsakene til at ein dei siste åra har omdisponert ressursar frå Oppvekst til pleie og omsorg i budsjettsamanheng. Dette bilete vart utlikna i tala for 2016. Tabellen nedanfor viser no at det for 2017 er eit meirforbruk i pleie og omsorgssektoren samanlikna med eit normert nivå der ein tek omsyn til ressursgrunnlag og demografi. No er det skole, barnehage og barnevern som bruker mindre enn det Telemarkforsking har berekna til normert nivå.

Mer-/mindreutgift 2017 per tjenesteområde. Kilde: Telemarksforskning.  - Klikk for stort bilde

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kjelde: Telemarksforsking

Fant du det du lette etter?
 
Login for redigering