NVE startar boring for regional kartlegging av fare for store kvikkleireskred i Rauma

NVE logo - Klikk for stort bilde

NVE gjennomfører no kartlegging av større områder med moglege kvikkleireførekomstar i kommunane Molde, Rauma, Giske, Ålesund, Sula, Sykkylven, Eid, Gloppen, Stryn, Naustdal og Førde. I Rauma kommune startar boringa i veke 42.

 På bakgrunn av kartlegginga vurderer NVE bla. behov for vidare detaljkartlegging og sikring av eksisterande busetnad. I forbindelse med dette arbeidet er det behov for å innhente informasjon om grunnforholda i utvalte områder ved grunnboring. Informasjonen frå grunnboringane er ein vesentleg del av grunnlaget for den vidare utredninga.

Grunneigarar som vert råka av grunnboringa vil kontaktast av kommunen gjennom digital postkasse for ytterlegare informasjon.

 

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har det overordna ansvaret for statlege forvaltningsoppgåver innan førebygging av flaumskadar og skredulykker. Som ein del av dette ansvaret føretek NVE ei kontinuerleg landsomfattande kartlegging av flaum og skredutsette område. Dette inneber kartlegging av fare for kvikkleireskred.

Kartlegginga er ei grov kartlegging, konsentrert om eksisterande busetnad, som vil danne grunnlaget for utarbeiding av kvikkleiresone kart.

I Noreg er det registrert ca. 2000 kvikkleiresonar som er vist i nettportalen NVE Atlas (atlas.nve.no).Posisjon for boringane i Molde og Rauma finn du her: http://arcg.is/yjbDT0

Posisjon for boringane i Giske, Ålesund, Sula og Sykkylven finn du her: http://arcg.is/0vTK5i

Posisjon for boringane vil kunne verte flytta noko, for eksempel med tanke på åtkomst. I nokre tilfelle kan det verte aktuelt å bore på naboeigedom til der punktet er plassert.

 

Kontaktperson i NVE, Lars Løkeland Slåke - telefon: 488 65 891, lals@nve.no

Borentreprenør Geostrøm AS, Thor Høiback - telefon: 481 74 256, rothor@geostrom.no

Rauma kommune, Simon Søvik -telefon: 71 16 66 54

Sist endret 02.10.2018 14.26
Fant du det du lette etter?
 
Login for redigering