Arkivlova § 5. Arkivplikta
Arkivforskrifta § 5. Krav til informasjonssystem
Arkivforskrifta § 7. Vedlikehald av digitale arkiv
Eit organ skal halde dokumentasjonen i digitale arkiv ved like, slik at informasjonen er sikra og forvalta i tråd med arkivlova § 5.
Dersom det er påkravd å flytte dokumentasjon til nye lagringsmedium, konvertere dokumentasjon til nye digitale format, ta i bruk nye applikasjonar og standardar for strukturering og utveksling av informasjon eller liknande, skal organet syte for at informasjonen ikkje tapar seg. Organet skal mellom anna sikre at
- informasjon som i utgangspunktet var leseleg for menneske, framleis er leseleg for menneske etter vedlikehaldet
- informasjon som i utgangspunktet var maskinleseleg, framleis er maskinleseleg etter vedlikehaldet
- metadata som viser opphavet til informasjonen, og korleis sakshandsaminga og oppgåveløysinga har foregått, ikkje blir borte eller forringa
- eigenskapar ved dokumentasjonen som gjer søk, kopling og samanstilling mogleg, blir oppretthaldne.
§ 10. Krav til sikring av lagringsmedium for arkiv:
Lagringsmedium for arkiv skal oppbevarast slik at dei alltid er verna mot
- vatn og fukt
- brann, spreiing av brann og skadeleg varme
- skadeleg klima- og miljøpåverknad som mugg, skadedyr og liknande
- skadeverk, innbrot og ikkje-autorisert tilgang.
For analoge arkiv som skal takast vare på for ettertida, gjeld i tillegg desse krava:
- Lysnivå, temperaturar og verdiar for luftfukt i lokalet skal vere såleis tilpassa at lagringsmedium og dokumentasjon held seg best mogleg.
- Lokalet skal ikkje ha vindauge dersom det kan setje tryggleiken til arkiva i fare.
- Lokalet skal vere særleg utrusta for å hindre at brann oppstår og spreier seg der inne, og for å hindre at brann på utsida spreier seg til lokalet.
- Arkiva skal plasserast på reolar, minimum 10 cm frå golv og yttervegg.
- Golv og reolar skal vere laga for å tole vekta av arkiva.
- Lokalet skal ha fast tilsyn og reinhald.
Det skal setjast i verk tiltak med det same dersom det oppstår risiko for at arkiv kan bli skadde. Oppståtte skadar på arkiv skal utbetrast så langt det er mogleg.