Lovgrunnlag og organisering av arkivansvar

Lovgrunnlag for dokumentasjonsplanen

Arkivlova § 8: Dokumentasjonsplan og internkontroll

Eit organ skal ha ein oppdatert dokumentasjonsplan som viser korleis organet har organisert arbeidet med å etterleve pliktene etter lova her.

Planen skal
a. vere utforma slik at han kan tene som ein reiskap i internkontrollen
b. gi oversyn over kva slags dokumentasjon som blir til som ledd i verksemda
c. gi oversyn over kva dokumentasjon organet forvaltar som arkiv
d. gjere greie for korleis dokumentasjon etter bokstav b og c blir lagra.

 

Arkivforskrifta § 13. Internkontroll med dokumentasjonsforvaltninga

Kommunar og fylkeskommunar skal ha internkontroll med dokumentasjonsforvaltninga etter reglane i kommuneloven § 25-1.

Den øvste leiinga i andre organ som er omfatta av lova har ansvar for at det blir ført internkontroll med at dokumentasjon som blir til som ledd i verksemda, blir forvalta etter arkivlova med forskrifter. Organet skal løpande vurdere om det er risiko for brot på reglane og setje i verk dei tiltaka som trengst for å redusere risikoen til eit forsvarleg nivå. Organet skal særleg vurdere risiko ved vedlikehald av digitale arkiv, jf. § 7 og risiko ved destruksjon av analoge arkiv etter konvertering, jf. § 18. Dokumentasjonsplanen skal leggjast fram for den øvste leiinga i organet som ein del av internkontrollen minst éin gong i året.

 

Ansvarsfordeling i Rauma kommune

Klikk på en boks for å lese innholdet