Aktuelt

Praktbok om dei mest berykta og berømte vegane i Noreg.

I 2021 gav NRK-journalist og "vestlandsekspert" Halvor Folgerø ut boka Vestlandsvegar om nokre av dei berykta og berømte vegane på Vestlandet. Boka blei ein stor suksess. Men Vestlandet er stort og historiene talrike og dramatiske. I Vestlandsvegar - Frå Trollstigen til Djevelens veranda fortel Folgerø om fleire vegstrekk og tar oss med til kjende turistvegar som Sognefjellsvegen, Haukelifjell og vegknutepunktet Lærdal, men også meir ukjende som Austefjorvegen, Aursjøvegen og Dollarvegen. Vi møter nokre av dei som har brutale erfaringar frå livet på smale, svingete og farlege vegar. Frå den berykta rasstrekninga på gamle E69 ved Åndalsnes og sørover til den såkalla Djevelens verandra i Eigersund.

Boka er full av gode historier frå nær fortid då det var nødvendig å vere kreativ for å koma fram. Det handlar om bilmekanikaren som redda ferien då han fiksa ein sprokken bensintank med sterilansåpe, om trailersjåføren som blei ufrivillig jordfar på veg opp Hemsedalsfjellet, og om elefantane til Sirkus Arnardo som måtte leiast gjennom dei låge tunellane ved Saudafjorden. Sirkusarbeidarane måtte gå laus på tunelltaket med hakker og slegger for å få bilane gjennom.

23. november kommer Folgerø til Rauma folkebibliotek.

Velkommen!

Fjella våre er ei skattkiste. Her finst Europas siste opprinnelege villrein og spor etter dei første menneska i Norge. Vi har både nytt godt av og forsynt oss frå skattkista. Det er temaet i den rykande ferste boka "Kampen om Dovrefjell", som blir lansert på Rauma folkebibliotek torsdag 17. november.

Boka er svært aktuell: Villreinen er ført opp på raudlista for første gong. Presset mot vassdraga aukar. Kva andre fjellskattar er i fare?

"Kampen om Dovrefjell" er skriven av Svein og Yngvild Sæter, far og dotter. På biblioteket tar Svein oss med på ei eineståande vandring gjennom tid og rom i denne store fjellheimen, som strekkjer seg frå Dovre til Rauma.

Det blir sal av bøker før og etter kåseriet.

Gratis inngang.