Forskrift om offentlege arkiv § 18. Avlevering og depot:
Offentlege organ skal avlevere eldre og avslutta arkiv til arkivdepot. Riksarkivaren gir forskrift om når avlevering skal skje. For elektronisk arkivmateriale og arkivmateriale på andre optiske og magnetiske lagringsmedium som film, lydband, video m.m. kan Riksarkivaren gi forskrift om eller fastsetje i særskilde vedtak at det skal deponerast kopiar i arkivdepot på eit tidlegare tidspunkt.
Kommunar og fylkeskommunar kan treffe vedtak om lengre avleveringsfristar av administrative omsyn eller kortare fristar av bevaringsomsyn. Dette må ikkje gå ut over tryggleiken til arkivmaterialet. Kommunar og fylkeskommunar skal ha ordningar for arkivdepot for arkiva sine.
I arkivdepotet skal arkiva bevarast for ettertida og gjerast tilgjengelege for bruk. Arkivdepotet skal føre register over arkiva og tilvekst, og halde oversyn og kontroll med arkivbestanden.
Dersom eit offentleg arkiv har opphav i både statleg og kommunal sektor, kan Riksarkivaren fastsetje kvar arkivet skal avleverast.
Forskrift om offentlege arkiv § 20. Krav til arkiv som skal avleverast:
Arkiv som blir avleverte til arkivdepot, skal vere ordna etter opphav. Den opphavlege ordenen og indre samanhengen i kvart enkelt arkiv skal så langt som mogleg haldast ved lag.
Arkivavgrensing og kassasjon etter § 14 og § 16 skal vere gjennomført før avleveringa.
Arkivdepotet skal gi råd og rettleiing under arbeidet og sjå til at dei krava som er fastsette, blir oppfylte.
Dersom statlege arkiv som skal avleverast ikkje oppfyller krava, kan Arkivverket nekte å ta imot materialet eller krevje refusjon etter arkivlova § 11 første ledd.
Riksarkivaren kan gi forskrift om klargjering av arkiv før avlevering.
Forskrift om offentlege arkiv § 13. Periodisering:
Delar av arkiv som ikkje lenger er i bruk skal periodiserast. Ved periodisering blir dokument for ein avgrensa periode skilt ut frå eit arkiv og tatt vare på som ei arkiveining i ei ordna og tilgjengeleg form.
Ein kopi av periodisert elektronisk arkiv skal klargjerast for overføring til depot.
Riksarkivaren kan gi forskrift om periodisering.
Riksarkivarens forskrift kapittel 4 har bestemmelser om periodisering. Sakarkiv med tilhørende journal skal inndeles i perioder, og det skal være samsvar mellom periodeinndelingen i journalen og arkivet. Deler av arkivet kan holdes utenfor periodiseringen eller følge særskilte prinsipper for periodisering (slike unntak skal spesifiseres i arkivplanen). Når en arkivperiode blir avsluttet, skal arkivmaterialet fra den avsluttede perioden skilles ut fra det aktive arkivet.
Kommunen skal ha en plan for når periodisering utføres og hvilken metode (skarpt/mykt periodeskille) som skal brukes.
Ta arkivuttrekk for alle bevaringsverdige data ved behov (nedleggelse, systembytte, periodisering) og klargjør for avlevering/deponering til arkivdepot. Bruk veiledning for uttrekk og overføring.