Varsel om synfaring

Varsel om synfaring

Frå 2021 blir Vågstranda og Hjelvika ein del av Vestnes kommune. Eigedomsskattetaksten må derfor tilpassast Vestnes kommune sine rammer og retningslinjer.

Det vil frå veke 35 bli gjennomført synfaring på eigedommar som skal inn i Vestnes kommune. I dei tilfella vi manglar areal på bygningane vil det under synfaringa bli utført ei utvendig oppmåling og det vil bli teke bilete av bygningane.  Synfaringa er med på å danne grunnlaget for taksering av eigedommane og vil bli gjennomført av Vestnes kommune.

Det blir ikkje gjennomført synfaring på bustadar med Skatteetatens bustadverdi/formuesgrunnlag. Taksten blir her fastsett av Skatteetaten.

Arbeidet vil halde på utover hausten/vinteren.

Les meir om eigedomsskatt.

Eigdomsskattekontoret i Vestnes