No får du gratis klima- og energirådgiving

No får du gratis klima- og energirådgiving

Frå 19. september kan alle kommunar i Møre og Romsdal tilby gratis klima- og energirådgiving til bustadeigarar i fylket.

Det betyr at du som eigar av ein bustad no får objektive råd om korleis du kan redusere bruk av energi og finne klimavenlege løysingar for din bustad. Rådgivinga vil finne stad på nett og via digitale synfaringar. Tilbodet er gratis og uforpliktande.

– Tilbodet er ein del av det viktige arbeidet til kommunane med klima og energi. Vi skal legge til rette for at innbyggarar skal kunne ta klimavenlege val, seier rådgivar energi og grøn omstilling, Per Oterholm i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Les mer om hvordan du går fram. Første mulighet for befaring er 20. september.